For lærarar
Ein vonar at skulane kan ha nytte og glede av desse nettsidene,
til for- og etterarbeid, og som eit supplement til utstillinga. Det er
mange tema ein kan arbeide vidare med, både tverrfagleg og i einskilde fag.
Under finn du nokre sitat frå L97 som grunngjeving for å arbeide med stoffet,
men lista er heilt sikkert ikkje uttømmande.
Prinsipp og retningslinjer: Skulen og lokalsamfunnet
Skulen skal vere ein aktiv og levande kulturinstitusjon i lokalsamfunnet.
Opplæringa skal føre vidare og vidareutvikle verdiar, normer og røynsler
som vi tek over frå generasjonane før oss. Kulturarven omfattar og dei
kulturtradisjonane og det kulturgrunnlaget som er knytte til lokalsamfunna i bygd
og by. Skulen må derfor dra nytte av nærmiljøet og lokalsamfunnet for
å eksemplifisere, konkretisere, og utfylle læreplanane for faga. I
lokalsamfunnet kan elevane finne svar på spørsmål, prøve oppfatningar - og
få nye spørsmål å arbeide vidare med.
Læreplanen for fag
Kunst og handverk
5. klasse: I opplæringa skal elevene bli kjent med ulike stilarter og hustyper i nærmiljøet.
8. klasse: I opplæringa skal elevene utforske nære omgivelser som utgangspunkt for eget
skapende arbeid og undersøke hvordan hus og interiører er framstilt i ulike stilperioder hos ulike
kunstnere.
Samfunnsfag
5. klasse: I opplæringa skal elevane gjere seg kjende med ressursar og viktige næringar på
heimstaden.
9. klasse: Elevane skal søkje informasjon frå ulike kjelder, til dømes eldre
menneske, museum,
krigsminnesmerke, skrivne framstillingar, film og informasjonsteknologi.
10. klasse: Elevane skal greie ut om og vurdere dei nasjonale og globale følgjene av den
materielle voksteren i etterkrigstida og dei teknologiske nyvinningane i dei ulike primær- og
sekundærnæringane og i hushaldning, transport og massemedium. Elevane skal arbeide med
utviklingslinjer i det norske samfunnet i etterkrigsåra med vekt på framvoksteren av
velferdsstaten.
Når det gjeld tips og idear til pedagogiske opplegg, er det kun laga nokre enkle oppgåver og ein
quiz som du finn under aktivitetar, men det finst gode opplegg som er laga frå før. Det er særleg nokre nettstader
som kan anbefalast:
- Nettverk for miljølære
Sjå under overskrifta "Kulturminner og kulturlandskap". Her kan skulen også leggje inn
resultat av eigne prosjekt.
- DigitalskolenHer finn du undervisningsopplegg
der elevane kan lære å bruke folketeljingar som ligg på internett som kjelde.
- Noreg i 1905
Direkte lenkje til folketeljingar for Rennesøy kommune:
|