Arkitektur og Kunst
Arkitektur og kunst på en kortfattet og enkel måte
Byggeskikken i Rennesøy
Kvar tidsepoke har sitt eige formspråk som kjem fram i arkitekturen og dei ulike kunstformene. Dei store skilnadene kjem best fram i dei store praktverka ute i verda. Men også her heime vert me påverka av moteretningane. Saman med nye teknikkar vert det nye tilpassa det lokale. Såleis har også den kvardagslege byggeskikken i Rennesøy blitt påverka gjennom tidene. Bygningane er ikkje store og prangande, og møblane er enklare og til dels heimegjorde. Men me kjenner att dei stilhistoriske trekka. Dei kom noe seinare til oss her oppe i nord og inne i Ryfylke enn ute i den store verda, og periodane overlappar mykje einannan.
Middelalderen. Romansk og gotisk stil. 1100 – 1500
Det var først og fremst kyrkjekunsten og klosterarkitekturen som innførte den romanske og gotiske stilen. Sørbø kyrkje frå 1150-talet og Utstein kloster frå ca. 1270-talet er frå denne perioden.
| Særtrekk i romansk arkitektur: |
|
Runde bogeformar og kvelv.
Tung og jordnær. |
| |
|
|
| Særtrekk i gotisk arkitektur: |
|
Lys inn i kyrkjeromma.
Liner som strevar oppover mot lyset og mot Gud.
Spissforma bogeformar og kvelv.
Lett og luftig. |
Les meir om Sørbø kyrkje:
http://www.rennesoykyrkja.no/sorbokrk.htm
Les meir om Utstein kloster:
http://www.utstein-kloster.no/
http://www.rennesoy.gs.rl.no/utstein/
http://www.fi.uib.no/~lajo/bilder/UtsteinKloster/UtsteinKloster.html
http://www.katolsk.no/artikler/middelalderkloster/kap_15.htm
http://www.forskning.no/Artikler/2004/august/1087377459.86/artikkel_print
Renessansen. 1500 – 1700
Renesansen er ”gjenfødinga” av byggestilen frå antikken. Dei greske templa var det store førebilete. Denne stilen vart ikkje så tydeleg i Noreg. Her var lite byggeverksemd på denne tida, og arkitekturen var ikkje så lett å utforma i tre.
| Allmenn byggeskikk i Noreg: |
|
Innføringa av peis og pipe som avløyste røykomnen
Innføring av glas i blyinnfatning. |
Barokk. 1650 – 1760
Barokken oppsto i Italia på 1600-talet. Bustaddelen på Utstein kloster er restaurert tilbake til utsjånaden han hadde rundt 1750.
Særtrekk: |
|
Ro, orden og symmetri.
Overdådig og svulstig.
Rik dekor med blomedekor og akantusranke
Høge, stolryggar, gjerne med gyldenlærtrekk
Glasa i treramar, oppdelt i småruter med tresprosser.
|
Rokokko og Louis-seize 1760 - 1810
Rokokkoen oppsto i Frankrike og var ein reaksjon på den tunge, svulstige barokken. Denne stilarten vart avløyst av Louis-seize, eller klassisisme, der ein igjen får ei ny oppblomstring av ideala frå antikken, og det lausslepne vert strama inn att. I den allmenne byggeskikken i Ryfylke er det vanskeleg å skilja desse periodane.
Særtrekk: |
|
Lett og leikande
Formene som løyser seg opp
Rokokko: Asymmetri. Louis-seize: Symmetri
Glasa er torams, med fast midtpost, der kvar rame er delt inn i 2 ruter i breidda, og frå 2 til 5 ruter i høgda. ” Rokokkoglas”
Pastellfargar, raudt, gull.
|
Huset på Dalåker har trekk frå Louis-seize, og "rokokkoglas". Huset er eit typisk trefelt hus som vart vanleg som stovehus i Ryfylke frå første halvdel av 1800-talet. Bilete er tatt i 1897, men huset er eldre.
|
|
|
Empire 1800 – 1850
Empiren bygger vidare på klassisismen, men skilnadane er likevel tydelege. Det var gode tider i Noreg og Ryfylke utover 1800-talet, og byggeaktiviteten var stor. Empirehusa har difor vore ein vesentleg del av kulturlandskapet i Ryfylke.
| Særtrekk: |
|
Symmetri.
Strame liner og enkel dekor.
Torams glas med fast midtpost.
Kvar rame er delt inn i 3 like store ruter.
Takutstikka på husa er knappe.
Flat ark på enkelte stovehus.
Listverk og gesimsar utforma med klart førebilete i dei greske søylene
Kvitmåla bygningar.
Reine klare fargar.
Stive, strenge møblar
Rette stolryggar med låg rygg. |
Gardshuset på Hodnefjell er eit godt eksempel på eit empirehus. Legg merke til at dei har nytta rokokkoglas i arka.
|
|
|
Seinempire, Biedermeyer. 1835 – 1870
Seinempire, eller Biedermeyer er ei vidareutvikling av empiren mot ei oppmjuking av linene att.
| Særtrekk: |
|
Symmetri
Større takutstikk
Synlege berekonstruksjonar i raustet.
Stolane har svai i ryggen, og gjerne dreidde, eller noe oppmjuka frambein.
Tapet med mykje mønster.
|
Gardshuset på Dysjaland har trekk frå denne perioden. Biletet er tatt i 1904.
|
|
|
Sveitsarstilen, Historismen. 1860 – 1920
Denne perioden er eit forsøk på å fanga inn ”det ekte og naturlege”. Ein henta inspirasjon frå Alpene, og ideen var at husa skulle ligge i landlege omgivingar, eller i det minste i ein park. Dette var den første byggestilen som tar utgangspunkt i treet som byggemateriale, der det var viktig å framheva byggekonstruksjonen.
Sveitsarstilen kom samtidig med firkanthusa, eller ”Sandnes-husa”. Fleire trelastbedrifter i Sandnes-distriktet kappa materialar ferdig til slike hus, og hadde dei liggande på lager. Hustypen og stilarten festa seg så absolutt i Ryfylke og på Rennesøy.
| Særtrekk: |
|
Formar og liner som strever oppover.
Store saltak med store takutstikk.
Synlege og rikt utskore taksperr og berebjelkar er.
Krysspostglas:
To og trerams glas med faste midtpostar delt horisontalt med ein losholt.
Rikt dekorerte listverk og knektar.
”Snikkargleder”.
Kvist og glasveranda.
Jordfargar, plysj og ponpongar, blonder, palmar og pidestallar.
|
Firkanthus på Helland er tatt i 1932. Stilen vart også brukt på dei tredelte husa.
|
|
|
Jugend, 1905 – 1930
Ein ville betra formgivinga for alminnelege industriframstilte produkt som alle skulle ha råd til å kjøpa. Husa fekk eit nytt uavhengig stiluttrykk med fine lineføringar og rik ornamentikk.
| Særtrekk: |
|
Mansardtak med svai mot gesimsen.
Firkanthus.
Knekk/dekor på vindskie.
Karnapp og balkongar.
Liljer, akantus og knekk på lineføringa.
Krysspostglas, der delar av glasa var ruta opp på ulikt vis.
Jordfargar. |
Nyklassisismen og det nye Noreg, 1905 – 1930
Dette var ein stilart der ein søkte etter det nasjonale, med fri gjendikting av tidlegare tradisjonelle byggemåtar.
| Særtrekk: |
|
Kubbeforma hovudform
Kraftige detaljering av panel, hjørnekassar og vindskier.
Småruta glas, gjerne sett saman av ulike glasformer. |
Biletet av gardshuset på Hommervodl viser typiske glas frå denne perioden.
|
|
|
Funksjonalisme, 1925 – 1940
Funksjonalismen er eit kraftig oppgjer med fortida sine stiletterlikningar og manglande samanheng mellom form og funksjon. Nye byggematerialar og teknikkar er med på å gi husa ein heilt ny utforming. Ferdighusfirma utviklar byggesett som forenklar oppsettinga, og husa vert marknadsført over heile landet. Med dette forsvinn den lokale tradisjonelle byggeskikken.
| Særtrekk: |
|
Reisverkhus med isolasjon og panel.
Saltak, valma eller flate tak.
To eller trerams glas med fast midtpost. Heil rute i kvar rame.
Glas plassert ut mot hjørna av huset.
Fritt for dekor og detaljar.
Reine klare fargar, gjerne med ein vegg i kontrastfarge. |
Våningshuset på Bergtun er eit typisk ”funkishus”.
|
|
|
Rosemålinga i Ryfylke
Rosemålinga hadde si glanstid frå slutten av 1700- og utover 1800-talet. I Telemark utvikla den seg i rein rokokkostil, med asymmetri, rosemotiver og akantusblad, lett og grasiøs, medan hallingmålinga hang att i ein barokk stil, noe meir pompøs, og strengt symmetrisk.
Hallingdølen Lars Aslakson Tragethon måla Lølandsbua i Hylsfjorden i 1798. Elles reiste han rundt i Ryfylke og måla kister, skrin og anna inventar. Tragethon vart læremeister og førebilete for ryfylkemålarane og har såleis sett sitt preg på ryfylkemålinga.
| Særtrekk: |
|
Lette penselstrøk, symmetri.
Blomar: tulipan, i profil eller open, og margeritt. |
Me ser eksempel på ryfylkemålinga på flatbrødkorga og på det vesle skrinet.
Flatbrøkorg med Ryfylkemåling
|
|
|
Viksdalsmålinga
I Viksdalen i Sogn utvikla det seg ein form for dekormåling som vart måla på ulike korger, skrin og øskjer. Det vart ein salsvare som vart selt langs heile norskekysten. Tina me har i utstillinga er eit flott eksemplar.
Øvst to skrin, det til venstre med Ryfylkemåling. Nedst ei tine med Viksdalsmåling.
|
|
|
Våningshuset på Bergtun er eit typisk ”funkishus”.
|
|
|
Historismen, sveitsarstilen og dragestilen
Det er ein stilart som har botn i den store norskdomsrørsla som voks fram mot slutten av 1800-talet. I bygdene heldt han seg langt utpå 1900-talet. Det var ein søken etter det norske og det ekte, til naturen og i litteraturen, i musikken og i kunsten.
Idealet i interiøret var å bruka tidlegare stilartar for å skapa den rette atmosfæren i rommet. Me snakkar om nygotikk, nyrenessanse og nyrokokko. Samtidig var det viktig med det norske, vikingtida og dragehovud, og naturen. Interiøra skulle samla familien til samtalar i hyggelege omgivnader.
Stova, det vil sei bua, eller bestestova i Ryfylke, vart innreia etter alle kunstens reglar, med det runde bordet midt i rommet, med plysjduk og kvit lysserviett. Over, eller på bordet, var ei oljelampe. Det var stolar rundt bordet. Vidare kunne det vera ein sofa ved eine veggen og kommode på skrå i hjørnet. Det skulle bugne av blomar og palmar i glasa, på småbord og pidestallar, blondegardiner og plysjmøblar.
Bestestova på bruk nr. 2 på Finnasand tatt i 1917/18. Interiøret her ein veldig typisk innreiing frå tida rundt 1900.
Frå venstre: Klara, Amanda, Ivar, Torinius, Johan, Anna Matilde og Tordis Marie, alle med etternamn Finnesand.
|
|
|
Les meir om arkitektur i Noreg
http://odin.dep.no/ud/norsk/generell/p30000701/p30000705/032091-991420/index-dok000-b-n-a.html
|