Eldhuset

På dei fleste gardane var det eldhus. Her var det grue eller vedomn kor dei kokte klesvasken og varma vatn til slakting. Her dreiv dei med salting av slakt, ysting  og baking og gjorde reint mjølkespanna.  Det var som vårt grovkjøkken, berre mykje meir.

Slaktetid
Slaktetida var om hausten. Karane sto for det meste for det, medan gardakonene hadde ansvaret for behandlinga av kjøtet etterpå. Ein slakta griser, kalvar, sauer og lam. Blodet vart brukt til blodmat. Det vart laga pølser, rullepølse, hovost, sylterullar og syltelabbar. Kjøtet vart salta, noe vart røykt, og så vart det hengt til tørk.

Før ein fekk kjøtkvern, vart kjøtet hakka til kjøtdeig.

Kjøthakke til å finhakke kjøt med.

Pølseskinnet var grisetarmar. Det var ein stor jobb å gjera tarmane reine før dei kunne nyttast.

 

Baking
Før potet vart vanlig på 1800-talet, var det flatbrød ein åt attåt fisk og kjøt. Det heldt seg lenge som ein viktig del av kosthaldet. Flatbrødbakinga gjekk føre seg om hausten, etter at kornet var trøske og male. Dei heldt til i eldhuset eller i kjellaren der det var stelt til med steikehelle. Det var bakstekoner ein kunne leige til slikt arbeid dersom ein ikkje gjorde det med eigne folk på garden. Arbeidet gjekk føre seg frå tidleg morgon til seine kvelden.

Til større husstandar kunne ein baka 1000 leivar.

Det vart brukt sammalt havremjøl, og litt rugmjøl til høgtidsbruk.

Leivane vart lagt til ettertørk på stovelemen, før dei vart lagra i mannshøge ruver.

Veden dei brukte til baking var skjevlar. Det var tunne kjeppar som dei hadde skove borken av om våren og gitt til kyrne. Skjevlane vart lagra i la og turka til bakstedagen.

Andreas Sørbø ber bøtter i vassele.

Vask og stell av klede
Koking av klede gjekk føre seg i eldhuset eller i kjellaren. Kleda vart kokt i store kjelar på grua eller omnen.

 

Mangletre
Ein gamal måte å glatta klede med var ved hjelp av mangletre. Det var som ei lita rulle. Ein bretta klede og la det rundt rulla. Så strauk ein over med treet.

Strykejern

Strykejern

Ulike typar strykejern. Bak til venstre eit strykejern med kammer og opning til å leggje inn (tre)kol i, for at undersida skulle bli varm. Dei andre strykejerna er i kompakt jern og vart oppvarma ved å stå på omnen. Slike strykejern var i bruk fram til elektriske strykejern kom i bruk. Dei fleste stader skjedde ikkje det før etter andre verdskrigen.

Kole
Ei kole var ei skålforma tranlampe med lekkje til å hengje lampa opp i. Dette var lenge den mest vanlege lampa til dagleg bruk kring om i heimane.

Former til lysestøyping

Utskriftsvennleg side
Arkitektur og kunst |  Tekstil |  Eldhuset |  Fiske |  Jordbruk |  Mat og måltid |  Barn og oppvekst

Nettstaden Bibmus Rennesøy vert laga av Ryfylkemuseet  |   webdesign © 2004 Jarand Hindenes


Opningstider:
Måndag kl. 10.00 - 22.00
Tysdag kl. 10.00 - 14.00
Onsdag kl. 14.00 - 16.00
Torsdag kl. 14.00 - 16.00
Fredag stengt
Laurdag kl. 10.00 - 14.00
OBS! Nye tider i sommarferien!

Besøk Rennesøy Folkebiblotek