Mat og måltid
Utfyllende opplysninger om mat og måltid.
Det aller meste av maten på gardane var laga av det garden og sjøen gav. Kvardagsmaten var enkel, men helsesam. Det gjekk mykje i flatbrød, suppe og graut laga av havremjøl. I tillegg hadde dei eplekake (potetkake) og syrekake. Til middag var det fisk og noe salt kjøt.
Utover 1800-talet vart det vanleg å dyrka poteter, og først på 1900-talet vart det vanleg med omnsbakte brød.
| Fire måltid om dagen, og fem måltid under slåtten |
6- tida – Åbeten:
9-tida – Morgons:
12-tida – Middag:
3-4-tida – Non:
8-tida – Kveldsmat: |
|
Mjølk og hedlekake eller liknande.
Kaffi og hedlekake med smør og fatost.
Fisk, sild med poteter og flatbrød. Stundom kjøt.
Rester frå middagen eller havremjølsuppe med flatbrød attåt.
Graut og mjølk eller poteter og mjølk.
Flatbrød oppsmuldra i surmjølk, sodl, vart og brukt. |
| |
|
|
| Utover 1900 – talet såg måltida slik ut: |
| |
|
|
| Morgonsmat: |
|
Kaffi og heimebaka brød med smør og kanskje fatost, sukker eller syltetøy. |
| Middag: |
|
Salt kjøt, komler, steikt flesk, spekesild, mort, sei eller makrell.
I slaktetida om hausten: ferskt kjøt, blodkomler eller blodpannekaker. |
| Mellommat: |
|
Brødmat og kaffi |
| Kveldsmat: |
|
Havregraut av sammale mjøl.
Surmjølk og poteter, eller saup og poteter. |
Smørkinner
Ambrar som blei brukt til frakting eller oppbevaring av mat.
|
|
|
Til venstre ei stampekinne som blei brukt til å lage smør av fløyte. Til høgre for denne står tre sveivekinner, som også blei brukte til kinning av smør. Bak står ei mjølkekolle, ei sil og ei smørform. Smørforma har korsmerke i botn, til vern mot vonde makter. Til høgre for den grøne kinna står separatoren som blei brukt til å skilje fløyten frå mjølka. Til høgre for separatoren står nokre mortarar og på veggen heng ei potetkvern (ofte kalla eplekvern). Framme står ein blå ambar til oppbevaring av smør el.l.
|
|
|
Mjølkekolle
Sil
Form til sylteflesk
Separator
Separatoren var ei teknisk nyvinning som forenkla mjølkestellet. Den gamle måten var at ein måtte vente til mjølka var sur før ein kunne skilje frå fløyten på toppen av mjølkefatet. No tømde ein søtmjølka opp i separatoren og tok til å sveiva. Fløyten vart skild frå ved sentrifugeprinsippet og rann ut gjennom det eine røyret, og skummamjølka i det andre. Det var i åra etter 1900 at separatoren vann brei inngang på gardane i Rennesøy.
Mortar
Kaffi
Kaffien vart tatt i bruk i det daglege kosthaldet på Rennesøy utover 1800-talet og vart etterkvart tatt i bruk til dei fleste måltid. Somme stader erstatta kaffien mjølka som vart levert til meieriet. Dette gjekk utover helsa.
Utfyllende opplysninger om mat og måltid. |