Saueklipping på Bø kring 1912.Frå venstre: Thomas Olsen Bø, Maren Serina Ole-Helmiksdotter og Olav Thomassen Bø
Karen Galta og mora Berta Karina Jakobsdotter med rokk og spøt. Biletet er tatt i 1923.
Moter og klesdrakt
Marta Sjursdotter Spartveit, gift Bru, 1808 – 1857
Guri Jakobsdotter Hodnefjell, f. 1801. Biletet er tatt måla i 1841.
Flotte damer hjå fotografen kring 1890. Damene er ukjente.
Øvst til venstre står eit vindetre som blei brukt til å vinde opp tråd med. I midten står to spinnerokkar, den til høgre er ein til spinning av lin. Bakom den store rokken står ei tine for oppbevaring av tekstil (klede). Bak til høgre står to symaskiner, den til venstre med handsveiv og den til høgre med trøer. Framme ligg ein bandvev oppå kassa til venstre. Den store korga er til å ha ull i.