Bygningsvern og slåttemusikk
Venneforeininga til Ryfylkemuseet inviterer til årsmøte med noko attåt tysdag 28. februar kl. 19.00.
Grete Holmboe kåserer om bygningsvernet på museet, og arbeidet med å fa tak i tradisjonshandverket, medan Tove Solheim spelar slåttemusikk på hardingfele. Det blir gjennomgang av dei vanlege årsmøtesakene og ei enkel servering. Alle er velkomne.
Ny mann i Viga
Etter at det blei klart at Hjelmeland kommune ville følgje opp løyvingane til restaurering av Viga-tunet, har vi engasjert Ingebrikt Edland som ny prosjekthandverkar.
Restaureringsarbeida i Viga vil vera ei hovudoppgåve for bygningsavdelinga også i år, og nå har arbeidet med å førebu restaurering av løa starta. På det meste vil vi ha fem mann i arbeid i Viga, pluss noe innleigd arbeidskraft. Målet er å ha løa under tak att før neste vinter. På bildet: Ingebrikt Edland, Kjell Gunnar Haraldseid og Arnfinn Olsen.
SKOGDAGAR I SULDAL
SKOGDAGAR I SULDAL
Ryfylkemuseet inviterar til skogdagar som lekk i eit større opplæringsprosjekt rundt restaurering/rekonstruksjon av løa på Røynevarden i Suldal. Sjå vedlegga.
Prosjektet går over 1 ½ år. Det er muleg å vera med på delar av dette etter kva du er interessert i.
Første økt blir SKOGDAGAR, no i februar. Steinar Moldal frå Dovre handverksenter blir med oss på skogen og snakkar om korleis ein kan lesa treet, kva virke ein treng til ulike bygningsdelar og korleis ein kan behandla treet på rot. Det siste skal me gjera i praksis.
Hummarmuseet blir gjenreist
Hummarmuseet på Kvitsøy brann i mai i fjor. Det er den største katastrofen Ryfylkemuseet har opplevd. Men nå er museet på veg opp att. God forsikring og friske midlar både frå kommunen og fylkeskommune har gjort at det blir eit enda betre museum enn det var.
Teikninga (Trodahl Arkitekter) viser fasaden sett frå sjøsida. Det restaurerte sjøhuset i midten, eit nytt mellombygg med inngang og toalett til venstre, det gamle fiskemottaket til venstre for dette. Yttarst til høgre nyreist hummarklekkeri. Første utstillinga vil bli gjenopna til hausten.
Gode besøkstal i 2011
Det samla besøket ved Ryfylkemuseet auka frå 20 340 i 2010 til 22 639 i 2011. Det er ein auke på vel 10%, og det høgaste talet på besøk vi har registrert ved museet.
Den største auken har kome på Sand, der Kvitebjørn-utstillinga for barn (bildet) er blitt svært populær. Det har og vore auke i besøket i turistinformasjonen som vi driv på oppdrg frå Suldal vekst, og ved museumstunet Kolbeinstveit i Suldal. For dei andre avdelingane er det mindre endringar.
HJELMELANDSBILDE PÅ NETT
Vel 2300 eldre foto frå Hjelmeland er no tilgjengeleg på internett, på nettstaden DigitaltMuseum. Bilda stammar frå fotovernaksjonen som vart gjennomførd i Hjelmeland på 1980-talet. Knapt 500 bilde har lege ute ei stund, resten er nettopp lagt ut.
Ryfylkemuseet og Hjelmeland kommune samarbeidde om fotoinnsamlinga i 1980-åra. Bilde vart lånte frå private, det vart notert opplysningar og dei vart avfotograferte, og så vart originalane leverte tilbake til eigaren. Museet har negativane etter avfotograferinga i sitt arkiv. Det vart skrive to sett med fotokort. Eit sett står i ringpermar på Hjelmeland folkebibliotek, det andre settet har museet. Samlinga av Hjelmelands-bilde har foto frå alle krinsane i kommunen, om enn mengda frå krinsane varierer.
Ny medarbeidar ved folkemusikkarkivet
Tove Solheim (40) er tilsett i deltidsstilling ved folkemusikkarkivet. Ho starta i jobben 2. januar, og skal dele stillinga ved arkivet med Åshild Vetrhus.
Tove har mastergrad i tradisjonsmusikk frå Høgskulen i Telemark og faglærarutdanning frå musikkonservtoriet i Stavanger. Ho har m.a. jobba som distriktsmusikar og lærar i Suldal kulturskule ved sida av at ho jobbar som frilans musikar. Tove har fleire gonger vore hyrt inn av museet for å bidra med musikkinnslag på ulike arrangement og som spelemann på folkemusikkhelga. Bildet er frå opninga av Li sist sommar, der Tove var med og skapte god stemning i tunet.
Jul i Viga-tunet
Julefreden vil snart senke seg over Viga som har vore ein av dei meir travle arbeidsplassane til museet i året som har gått.
Stovehuset står nyrestaurert og vakkert bak rimkvit hage.
Neste år er det løa som gjeld.
Vi ønskjer alle våre venner ei god jul og eit godt nytt år!
102 bedehus i Ryfylke
FOLK i Ryfylke, årboka til Ryfylkemuseet, er i desse dagar er på veg ut til medlemmane i Venneforeininga.
Tema for årets utgåve er lekmannsrørsla og bedehuskutluren i Ryfylke. Boka er resultat av eit omfattande dokumentasjonsarbeid. Det er Tone Årtun som har utført det meste av arbeidet, og som har ført årsskriftet i pennen. Delar av materialet er brukt i ei utstilling om blei opna på ”Betel” på Judaberg tidlegare i haust. Prosjektet har vore finansiert av Ryfylkefondet, Rogaland fylkeskommune, Norsk Kulturråd, SR-bank Finnøy og ei privat gåve. Boka er til sals frå museet.
Ny teknologi - ny formidlingsform
Teknologien utviklar seg mest raskare enn vi rekk henge med.
Men vi har oppdaga QR-kodane, og ser at det kan vera eit godt hjelpemiddel til å formidle kunnskap om samlingane våre der det er mobildekning.
QR-kode er eit bilde ein fotograferer med ein app. på mobilen sin, og vips så har ein tilgang til den informasjonen som gøymer seg bak koden.
For oss som har mange tun som står ubemanna store delar av året er dette godt nytt.
Vi startar truleg på Hustveit, og så får vi sjå korleis tilbodet blir mottatt.
Fleire artiklar…
Side 1 av 9








