MEIR OM FISKE

Fisket har til alle tider vore viktig i Rennesøy. Kvar heim skulle ha minst ei tønne salt sild og ei tønne salt mort etter dei respektive fiskeria. ”Alle” dreiv fiske, alt etter alder og evne. Om vinteren var det sildefiske, og sommaren og hausten var det notfiske etter sild, brisling og makrell. Det heimlege småfisket i dei nære farvatna føregjekk året rundt, og her spelte hummarfisket hovudrolla.

 

Vårsildfisket
Hovudfisket på Rogalandskysten frå gammalt av var vårsildfisket. Det føregjekk ikkje om våren, men om vinteren, helst i februar og mars. Dette var ei roleg tid i jordbruket, og deltaking i fisket let seg difor greitt kombinera med gardsdrift. Det var mannjamn deltaking i vårsildfisket frå Rennesøy. Mykje anna vart lagt til sides i dei hektiske sildevekene. Den kommunale møteaktiviteten låg nede, og heime kunne ting kunne gå litt på skeis hos nokon og kvar. Men kva gjorde vel det, når lommeboka var tjukk av sildepengar etter eit godt fiske.

Mange deltok i sildefisket, men talet på reine yrkesfiskarar var likevel lite. Dei fleste rennesøybuar var fiskarbønder, dei hausta av naturen både på sjø og land. Gjennom året veksla dei mellom fiske på sjøen og arbeid med jord og dyr.

Førebuingane til fisket tok til lenge før jul. Mannfolka vølte garn, segl og båt. Kvinnfolka spøtte store fiskevetter, som vart grundig tøvde for å bli tjukke og gode. Kleda skulle gjerast i stand, og mange fekk med seg store mengder heimesteikte brød med mykje poteter i. Då heldt dei seg mjuke. Potetkaker vart også brukt til utnisting.

Sildefiskarane frå Rennesøy dreiv med garn. Dei var saman i båtlag på ein fiskebåt. Det var store opne båtar som vart brukte, seksringar og åttringar. I kvart lag var det fem mann. Som regel tok alle noko med av reiskap. Med sju garn pr. mann vart det 35 garn på båten. Desse garna kunne vera delte i sju setningar med fem garn i kvar. Drengar og husmenn kunne få vera med på halv lott om dei ikkje hadde med reiskap sjølv.

Garna vart sette og trekte frå dei opne båtane, og det vart brukte berre nattsett. Garna vart då trekte tidleg om morgonen. Garnflåten gjekk ut i grålysinga, og då galdt det å finna att sine garn. Garna vart ofte sette tett på fiskefeltet, og det hende dei kom i vase med andre sine. Då kunne det verta sjau og fæl munnbruk. Fangsten kunne ymsa mykje, frå ”svarte garn” til ”staurgådde”.

Sildefisket vintersdag var eit slit. Ikkje minst skuldast det losjiforholda. Fiskarane budde og sov i lasterommet på fiskeskøyter eller i sjøhus, ofte under kummerlege forhold. Mange låg på kalde sjøhuslemmar der dei kunne vakna om morgonen kvite av snø som hadde drive inn gjennom utette tak og vegger. Men etter kvart fekk dei losjifarty som dei budde om bord i. Det var seglskuter av ymse slag som var lite eigna til fiske. Mannskap frå to-tre fiskebåtar kunne bu i lag i rommet på eit losjifarty.

All mat laut dei ha med seg heimanfrå. Ofte vart det ikkje tid til meir enn to måltid om dagen, morgon og kveld. Silda flytte seg nordover utover på 1800-talet. I 1850- og 1860-åra var det best fiske ved Kinn, sør for Stad. Mange båtlag frå Rogaland, og frå Rennesøy, rusta seg ut og drog like dit på sildefiske.

Men silda var lunefull. Fyrst heldt ho seg borte frå 1785 og fram til 1808. Sidan var det godt sildefiske – ofte ved Rennesøy – fram til 1871 då ho på ny forsvann. Sidan kom ho att i 1886, men forsvann igjen i 1910.

Det var fiskefelta på vestsida av Karmøy og Kvitsøy som var dei viktigaste for sildefiskarane frå Rennesøy. Men somme år var silda sein før ho kom sørover, og då kunne det henda at fiskarane laut nordover til Hiskjo og Espevær for å finna henne. Somme år gjekk silda sørover langs Jæren like til Egersund. Andre år gjekk ho innetter ved Bokn, av og til like til Toftøy.

Det var fleire båtar og reiskap enn det var folk til lokalt, så det vart hyrt inn ein heil del lottmenn innanfrå fjordane til båtlaga frå Rennesøy under sildefisket.

Kring 1920 var det enkelte som begynte å bruka skøyter til å fiska frå. Då hadde dei losji med seg og var ikkje avhengig av nokon annan. Ti år seinare var det praktisk talt berre skøyter på fiskefeltet. Dei gamle opne båtane hadde utspelt si rolle. Og no brukte dei dagsett like så vel som nattsett. Skøytene fekk også anna utstyr som letta arbeidet, som motordrivne rullar og spel, etter kvart også elektrisk lys og radio.

Etter at silda forsvann frå det nære farvatnet rundt 1910, tok makrellfisket seg opp nokre år. Dei gamle notbruka var for tungvinte for dette fisket, og mange kosta seg lette makrellnøter. Frå kring 1920 gjekk ikkje makrellen lenger til lands som før. Det vart då kosta ein del snurpenøter for å kunne ta makrellen lenger ute. Mesteparten av notmakrellen vart salta for eksport til Amerika.

 

Brislingfisket
Brisling- og småsildfisket var eit viktig fiske for dei fleste bygder i Ryfylke. Brislingen var lenge lite påakta fordi der ikkje var organisert avtak av dette råstoffet. Han vart nytta til mat i hushaldet både i fersk og salta tilstand. Utover på 1800-talet vart stor brisling ein etterspurd fisk til ”krydring”. Det kom svenske skøyter til Ryfylke om haustane og kjøpte opp brisling som dei krydra til ansjos. Men det hende fiskarane fekk så mykje av han at ikkje alt kunne brukast til mat. Då kunne noko bli lagt i kompost og brukt til gjødsel på åker og eng.

I åra før og etter 1900 var den norske hermetikkindustrien i rask vokster, og eit hovudprodukt for dei var røykt hermetisert brisling. Stavanger var senteret for denne industrien. Hermetikkfabrikkane vart etter kvart avtakar av all den brisling dei kunne få fatt i. Sterk etterspurnad gjorde at brislingen vart det best betalte saltvassfiskeslaget. Den vesle bleike brislingen fekk status som dyrebar råvare for ein moderne eksportindustri. Han hadde utvikla seg frå simpel kost på allmugens bord til havets sølv på blanke boksar.

Leveringa til hermetikkindustrien gjorde at mange fiskarar engasjerte seg sterkare i brislingfisket. Brislingen vart frå først av fanga med landnot. Då var ein avhengig av at fisken seg inn til land. I åra før 1910 vart snurpenota teken i bruk i brislingfisket for første gong.

Notfiske er som jakt. Det galdt å finna fisken som stod nede i sjøen og stenga han inne. Basen vart rodd rundt i lettbåten med blyloddet i sjøen. Fann han fisk, galdt det å få nota ut og stenga fisken inne så fort som råd. Alle på notlaget visste kva dei skulle gjera, og alt måtte gå som smurt. Etter at nota vart ”kava” saman på notskøyta, hadde ein fangsten i ein pose av nota. Ein ”fylgjar”, som regel ei litt mindre motorskøyte, slepte notskøyta med notposen på sida på tvers inn til lands for å setja stenget i lås i ei lun vik. Ei stengenot vart sett ut, og brislingfangsten vart overført til denne.

I sommarhalvåret måtte brislingen stå i lås i 5-6 dagar så raudåta gjekk or han. Før det var han ikkje brukande til hermetikk. I vinterhalvåret var det ikkje raudåte i brislingen, så då kunne han takast opp etter kvart.

Når fisken hadde stått lenge nok i lås, kom det ein føringsbåt og henta han til ein hermetikkfabrikk. Då kasta dei inne i låsen med ei orkastnot. Ein robåt vart fylt med fisk, og frå den vart brislingen hova opp i skjeppemål (20 liter) og tømd i skjeppekassar som vart opplødde om bord i føringsbåten.

Brislingfisket var eit sommarfiske. Det viktigaste fisket tok vanlegvis til i månadsskiftet mai-juni og varte til ut på hausten.

 

Motor og snurpenot
Mellom 1900 og 1910 kom det to teknologiske omleggingar som revolusjonerte fisket: Båtane skifta til motorar, og ein tok til å bruka snurpenot. Børre Bru og Enok Helland var rennesøybuar som var tidleg ute med motor. Begge dei fekk innsett motor i skøytene sine i 1907. Dei første i Rennesøy som fekk motor i den opne fiskebåten for vårsildfiske skal ha vore brørne Torinius og Kristian Finnesand. Det skjedde i 1912. Det gjekk ikkje mange år før det var nesten berre motorbåtar. Fem hestars bensinmotorar var vanleg den første tida. Motorane var små og ikkje så driftssikre, men dei markerte likevel ein stor framgang.

Snurpenøtene betydde ein fullstendig revolusjon i brislingfisket. Rennsøybuen Ole Hodne gjorde det aller første forsøket med snurpenot her til lands så tidleg som i 1875. Det skjedde i vårsildfisket. Forsøket var mislukka, og han gjekk tilbake til landnot. Dei første rettelege nøtene kom rundt 1910, og eit lag frå Hanasand var mellom dei første. Fleire notlag frå Rennesøy og Mosterøy investerte i snurpenøter i tida framover. I 1917 var det 10 snurpenøter i Rennesøy og 12 i Mosterøy kommune. Midt i 1930-åra var det fem brislingsnurpenøter i Rennesøy og seks i Mosterøy.

Ei snurpenot for brisling var stor i omfang. Ho kunne vera kring 180 famnar lang (ca. 350 meter) og kring 40 famnar djup (ca. 75 meter). Langs øvre kanten var det mange korkar til å halda nota flytande, og langs nedre kanten mange små blylodd til å søkkja henne ned. Under nedre kanten (auren) hang det ringar av metall som snurpelina gjekk gjennom. Før bruk låg nota fint samanlagt på dekket av notskøyta.

Motoren og snurpenota gjorde brislingflåten i stand til å operera over eit stort fiskefelt, frå Oslofjorden til Trondheimsfjorden.

 

Hummarfisket
Dette fisket har spelt stor rolle for mange i Rennesøy. Det føregjekk i dei nære farvatna og kunne drivast av alle, frå unge gutar til oldingar. Fisketida for hummar har veksla gjennom tidene. Ved lov av 1848 vart hummaren freda frå 15. juli til 30. september. Dette var likevel ikkje noko stort inngrep. Den beste fisketida hadde vore frå april til juni. I 1879 kom det nye føresegner om minstemål på 21 cm for hummar.

Frå gammalt av vart hummaren teken med klype. Det var hollendarane som lærte nordmennene å bruka teiner. Det skjedde på 1600-talet. Teiner kom også i bruk til å fanga krabbe. Hollendarane kom til norskekysten med brønnbåtar og henta hummaren.

Frå midten av 1800-talet heiter det at kvart fiskelag hadde så mange teiner som robåten kunne romma, frå 30 til 50 stk. Gjennomsnittleg fangst på ein hummar per teine dagleg vart rekan som bra. Først drog dei teinene berre ein gong i løpet av natta eller morgonen. Men etter kvart fekk mange seg sterke lykter bak på båten, så dei kunne dra og setja heile natta.

Etter at hollendarane hadde dominert hummarhandelen frå kring 1660 til 1720, tok Stavanger-borgarar meir aktivt del i handelen. Dei slutta seg saman i ein ”hummersocitetet” for å hevda sine interesser. Men på sikt var det engelske oppkjøparar som kom til å dominera handelen med hummar. Det engelske firmaet Groom & Son spelte lenge ei dominerande rolle. Lokale hummarhandlarar, såkalla ”Udliggere”, tok i mot hummar frå fiskarane og lagra dei i kister til dei vart selde til engelskmennene. På Kvitsøy vart det bygt fleire store hummarparkar, der tusenvis av hummar vart lagra før eksport. Seinare kom Stavanger-firma igjen på banen, som Jacok Kielland & Søn og Chr. Bjelland & Co.

 

Andre fiskeri
I tillegg til vårsild, brisling og hummar vart det også fiska etter andre fiskeslag i dei nære farvatna rundt øyane i Rennesøy. Torsk og lyr, sei og mort, hyse og makrell vart fiska med snøre og med garn, stundom også med not. Laks kunne ein få på garn, eller fanga han i kilenøter.

Frå gammalt av var det som regel eit notbruk på kvar matrikkelgard, i det minste fram mot midten av 1800-talet. Oppsitjarane på garden hadde kvar sine bolkar av nota, som dei måtte halda i stand og fornya. Nøtene vart brukte til fangst av småsild, brisling og makrell, og fisket føregjekk i sommarhalvåret. Om vårane vart det ofte halde vakt om det kom inn sild. Gode sildevågar var Dysjalandsvågen, Reianesvågen, Galtavågen, Sørbøvågen og Eltarvågen for å nemna nokre.

Det var også nokre som prøvde seg med fiske på fjernare felt. Damiel Bru drog i 1879 heilt til Svalbard og også Lars Risa var der oppe og prøvde lykka. Kring 1890 var det også åtte båtar frå Rennesøy som dreiv makrelldorging i Nordsjøen. I 1903-1905 var nokre rennesøybuar også med på islandsfiske.

Det føregjekk også ein del foredling av fiskeprodukt i kommunen. Særleg midt på 1800-talet vart det reist mange sjøhus for sildesalting i Rennesøy. Mellom anna var det sildesalteri i Galtavågen og på Bru. I 1918 vart det reist hermetikkfabrikk i Vikevåg. Firmanamnet var Rennesøy Preserving, og Johs. Haaverstein m.fl. stod bak.

Bli Medlem