Suldal, Gardar og folk I

Suldal, Gardar og folk I

Dette er det første av fire band med grendesoge og gardssoge, slektshistorie og personhistorie frå gamle Suldal herad. Det er ei bok om bondefolk og husmenn, så vel som – frå nyare tid – moderne menneske i dalen. Gamle Suldal er særmerkt i Ryfylke med den store vektlegginga det har vore på støling, fjellslått og jakt, og ikkje mindre forholdet til den store elva, Suldalslågen, som renn som ei livsåre gjennom dalen. Systemet med støling og heiaslått vart avslutta heilt først etter siste verdskrigen. Reinsjakta er den dag i dag ei viktig hending i arbeidsåret. Den gamle suldølen hadde to arenaer som hang tett saman i årssyklusen, nemleg dalen og heio (fjellet).

Suldalsstandarden for mikrohistorie har blant anna som grunnlag eit omfattande og systematisk feltarbeid og bruk av munnlege kjelder, ei vektlegging på grendehistoria og gardshistorier med eit økologisk perspektiv.

Innhald

Suldal. Gardar og folk I tek føre seg den nedre delen av Suldal, samt dei såkalla Fjellgardane (Hjorteland, Fjellberg, Udladalen og Ørekvam). Nedre delen av dalen omfattar ei innleiiande grendesoga for den såkalla Førlandskrinsen, med noko stoff som gjeld heile dalen oppetter, samt gardane Foss, Kvestad, Herabakka, Førland, Mo, Galland, Nerheim, Bergjorg, Vasshus, Ritland og Mork, det vil seia dalen frå Juvo til den såkalla Kvalekrikjen. Fjellgardane har òg som innleiing ei grendesoga for «Fjellgaradn».


Pris kr 500,- (frakt kjem i tillegg).
Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.
Bygdebøkene og andre bøker kan og tingast her

Bli Medlem