Mange har sett kvinneutstillinga

RFF2010-078-007

Utstilinga ”Ein kvinneheim” som blei opna på Nesasjøhuset før sommaren, er blitt ei populær utstilling. 2.200 har sett han så langt. Det er ei utstilling om flid og nøysemd, og det er ei utstilling om det å leva som einsleg kvinne i bygdesamfunnet. Kanskje ikkje så unaturleg at det i stor grad er kvinner som finn interesse for utstillinga, men ho er framleis også ope for menn.

   

Arkivsikring snart i mål

roynevarden 028Samlingane av foto, lydband og arkivalia av ulike slag er ein viktig del av det kunnskapsgrunnlaget musea bygger på.

 

Les meir: Arkivsikring snart i mål

   

Suksess med ambulerande vert

Kopi_av_RFF2009-034-019Det har vore ein god museumssommar så langt. Besøket på avdelingane ligg jamt over besøkstala for heile fjoråret.  Forsøket med ambulerande vert har slått positivt ut for alle dei fem avdelingane som er med.

Les meir: Suksess med ambulerande vert

   

Sommarsesongen er i gang

Marte Lien HamreFrå 1. juni driv vi turistinformasjon i Nesasjøhuset.

Marte Lien Hamre er den første av sommarvertane som er i aksjon, seinare kjem det fleire. Turistinformasjonen skal vera open heilt til 31. august. Frå 21. juni alle dagar 10- 18.

Les meir: Sommarsesongen er i gang

   

Sommarope på 14 stader

SommaropeFjorten museumsavdelingar i Ryfylke har faste opningstider i sommar. Noen berre ein dag eller to, og noen i eit avgrensa tidsrom, men det skulle vera gode høve til å oppleve litt av lokal historie, lokal byggeskikk og til og med lokal mat.

Les meir: Sommarope på 14 stader

   

Neverriving

Me riv never i Sauda og Suldal når bjørka svar.

Har du lyst til å vera med, kan du melda deg til

museumshandverkarane våre.

   

Ambulerande museumsvert

Sveinung Søiland Moen

For å styrke tilbode ved dei avdelingane som ikkje har så stort besøk at det er grunnlag for å halde ope kvar dag, har vi kjøpt ein bil og oppretta ein sesongstilling for ein ambulerande museumsvert. Verten vil reise rundt, sjå til avdelingane, og halde ope ein dag eller to i veka.

   

Honden og katten og grisen

Honden og katten og grisenPå oppdrag frå Lund kommune gir vi ut emneheftet ”Honden og katten og grisen” som er ei samling songar, småstubbar og regler frå Lund.

Heftet er ein oppfølgar av læreverket ”Bergteken” og det er konservator ved folkemusikkarkivet, Ruth Anne Moen, som har samla og redigert heftet. Alle songar har noter.

Heftet kan kjøpast hos oss eller i Lund kommune for 149 kroner.