Utstilling om mjøl og øl på Tau
I samarbeid med Mølleparkens venner arbeider vi med planar for ei utstilling om det gamle brukssamfunnet på Tau. Utstillinga skal stå i den såkalla bruksløa, men det er førebels usikkert når ho kan opne da vi strevar noe med å finansiere ho. Parallelt med dette arbeider vi med møllesamfunnet og museumsarbeidet i Strand som tema for neste nummer av årboka vår. Den kjem når det nærmar seg jul. Brukssamfunnetpå Tau blei bygt ut frå 1855 og frametter, og representerer ei tidleg form for industrialisering.


Kulturdepartementet har gitt Ryfylkemuseet i oppdrag å lage ei untgreiing om bygningsvernet i Rogaland. Utgreiinga blir sett på som eit pilotprosjekt for å gi betre oversyn over status og utfordringar på feltet. Utgreiinga vil bli gjennomført i samarbeid med dei andre regiomusea i fylket og med det nasjonale Byggnettverket. Ho skal vera ferdig til 1. mars neste år.
Kjell Gunnar Haraldseid (35) er tilsett som prosjkethandverkar i Viga.