Kvitebjørnen på museumsloftet

kvitebjornKvitebjørnen på museumsloftet 

Museumsloftet på Nesasjøhuset på Sand vil framstå i ny form til våren. Vi arbeider nå med ei interaktiv utstilling for barn, der ”Kvitebjørnen”, ei av historiene til Rasmus Løland er utgangspunktet. Her skal ungane få bli kjente med historia, og dei skal få høve til å skape seg sjølve gjennom utkledning og rollespel. Arbeidet med utstillinga skjer i samarbeid med Rasmus Løland-stiftinga , og med støtte frå Suldal kommune og Rogaland fylkeskommune. Utstillinga skal opne i april neste år.

 

modellGruppa som arbeider med utstillinga: Elin Sandvik (skodespelar), Grete Holmboe  interiørarkitekt), Kari Starheim (barnehage-styrar), Anne Elisebeth Skogen (forteljar), Bjarne Frank Wathne (scenograf), Marny Skei Henkel (prosjektleiar), Åshild Marie Øverland (formildar). I tillegg er Vigdis Bjørndal og Roy Høibo med i gruppa.

Nytt tak på saga på Hustveit

nytt tak paa sagaNytt tak på saga på Hustveit

 

Det har vore ein tradisjon for å legge bordtak

på sager. Men det er ikkje materialar som held

lenge. Nå var taket på saga på Hustveit så dårleg

at borda måtte skiftast. Det er Kjell Johnsen

som er i sving med å rive det gamle taket.

© Ryfylkemuseet 2012. Ryfylkemuseet - 4230 Sand - 52 79 29 50  Nettstaden er levert av Norsk Plan as