Slutt for Årdal bygdemuseum
Ryfylkemuseet har i det siste flytta gjenstandar frå Dalen skule til hovudbølet på Sand. Grunnen til det er at Høiland gard i Årdal har sagt opp avtalen dei hadde med Hjelmeland kommune om drift av bygdemuseet i skulehuset frå Dalen krins i øvre Årdal. Høiland gard fekk overta Dalen skule og flytta han til inn på tunet hos seg i 2000. Det vart inngått avtale med kommunen om at huset framleis skulle vera museumsbygg for Årdal. Denne avtalen galdt i ti år. Etter at ti år hadde gått i haust, ville ikkje Høiland fornya avtalen. Dei vil bruka huset til overnatting.
Samlinga til Årdal bygdemuseum vart dermed huslaus, og vi har måtta flytta gjenstandane til Ryfylkemuseet sitt magasin på Sand. Etter avtalen som gjeld melom Hjelmeland kommune og Ryfylkemuseet er gjenstandane i Hjelmeland og Årdal bygdemuseum deponerte til Ryfylkemuseet. Det vil seia at det framleis er kommune som har eigarretten.
Bilda er frå Morten Hetland