Eventyrleg måltid på museet
Eventyrleg måltid på museet
Museet har dei siste par åra vore med på eit prosjekt for reiselivsutvikling i Suldal. Det er Suldal Vekst som har vore vert for prosjektet som har vore leia av forskingsstiftinga IRIS.
Pengar frå bank og kommune
Pengar frå bank og kommune
Det lausnar i Viga. Kommunestyret i Hjelmeland løyvde 500.000 til restaureringsarbeida i budsjettmøtet før jul og vedtok å ”delta i Ryfylkemuseet sine rehabiliteringsoppgåver i Vigatunet for 2011 og seinare år”.
Og om ikkje det var nok fekk vi i romjula melding om at Hjelmeland Sparebank hadde vedtatt å gi oss ei gåve til same formålet.
Gåva vil bli overrekt på eit lite stemne i eldhuset i Viga førstkomande onsdag kl. 12.


Den 27. april opnar vi utstillinga "Kvitebjørnen" på loftet på Nesasjøhuset. Det er ei utstilling basert på forteljinga til Rasmus Løland, og det blir eit utstilling for barn.