Familiedag i Viga

rff2011-052-015Familiedag i Viga

 

Det blei ein triveleg ettermiddag stund i Vigatunet på onsdag, der små og store fekk sjå og høyra om arbeidet som går føre seg i Viga for tida. Det blei høve til å prøva seg med gamalt verktøy og kna i same leire som murarane brukte då dei mura opp att den  gamle grua i eldhuset.

Brann på Kvitsøy

rff2011-047-010Brannen i hummarmuseet på Kvitsøy natta mellom 21. og 22. mai førte til store skadar både på bygnigen og utstillingane.

Dei største brannskadane er i fiskeriutstillinga i loftsetasjen (bildet), men også nedover i etasjane er det store sot- og vasskader. Mye av gjenstandsmaterialet i utstillingane ser tilsynelatande ut til å vera berga, men det er uvisst om det er råd å få reingjort dei slik at dei kan brukast i utstillingar att.

Ny utstilling: "Det gode liv"

gode livNy utstilling: "Det gode liv"

 

Fredag 3. juni kl. 18 opnar vi utstillinga "Det gode liv". Det er ei utstilling om innflyttinga frå Nederland og Tyskland.

Vi spør kvifor dei kjem, korleis det er å bu her og kva som er livskvalitet. Om vi har funne svara må ein nesten besøke utstillinga for å sjå.

 Dokumentasjonsdelen av prosjektet har gått over fleire år, og blei støtta av Stavanger 2008.

Familien Dirksen, Peter og Yolanda med døtrene Kaya og Merel, driv orientering på Buer i Åbødalen. Foto: Per Inge Fjellheim.

 

Seksar for "Kvitebjørnen"

kvitebjorn 1SEKSAR FOR "KVITEBJØRNEN"

 

Heidersgjestene frå Vanvik oppvekstsenter ga Kvitebjørn-utstillinga femmarar og seksarar på terningane til Suldalsposten.

Samarbeidet mellom teaterfolk, førskulelærarar, forteljarar og museumsfolk blei vellukka, og etter opninga av utstillinga veka etter påske har det strøymd på med bestillingar.

 

Bildet: Klassetrinn 3 frå Sand skule: Thomas Håranes, Bjørn Wigestrand, Lars Veggeland, Siri Håranes Eide, Hanna Bendiksen Brekke, Klara Langenberg, Tuva Løge Skålheim, Odd Ivar Skåre Grov, Magnus Søraas, Kaja Eilertsen og Elina Overskeid.

 

Velsmakande " Ryfylketapas"

ryfylkealliansVelsmakande " Ryfylketapas"

 

I samarbeid med Lakseslottet Lin-dum serverte vi "Ryfylketapas" til 100 deltakarar på landstinget til Landssamanslut-ninga av ny-norskkommunar (LNK) torsdag etter påske.

Det var hovudrettar i andre, dessert og kaffe i første og fint ver på kaia.

Det meste basert på kortreiste råvarer. Og kva kryssa dei av i evalueringsskjemaet? Seksar dei fleste. "Beste delen av konferansen".

 

© Ryfylkemuseet 2012. Ryfylkemuseet - 4230 Sand - 52 79 29 50  Nettstaden er levert av Norsk Plan as