BESØK FRÅ STORTINGET
Måndag 29. august hadde vi fint besøk frå Stortinget. Det var SV-representantane Hallgeir Langeland (Rogaland) og Heikki Holmås (Oslo) som var på rundtur i Rogaland. Holmås er leiar for Kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget.
I Suldal var dei på ettermiddags- og kveldstid, og dei besøkte då m.a. Ryfylkemuseet. Her såg dei på utstillingane våre – Det gode liv – om livsstilsinnvandring til Suldal og Sauda i 2. etasje og Kvitebjørnen i 3. etasje. Etterpå hadde vi møte, der vi orienterte om to temafelt i tilknyting til utstillingane.
Det galdt arbeidet med etablering av Løland-senteret, eit senter for nynorsk barnekultur, og det galdt arbeidet med fleirkultur og integrering, som museet har vore engasjert i.
Ordførar Torkel Myklebust i Suldal, som er styreleiar i Stiftinga Rasmus Løland markeringa, deltok på møtet, saman med lokale SV-folk frå Suldal.


Programmet for hausten er langt på veg klart. Detaljane vil bli lagt ut i kalenderen til høgre etterkvart som dei kjem på plass.
Gjennom det meste av fjoråret og fram til sommaren i år har Tone Årtun, arbeidd med dokumentasjon av bedehuskulturen i Ryfylke.
Overskya opphaldsver er godt museumsver, det viser og att på statistikken.
Sven Hoftun (30) er tilsett som driftsleiar i bygningsavdelinga.
Vi opna fire nye utstillingar før sommaren. Den eine var utstillinga om skog og sagbruk på Hustveit.