KVELDSSETE PÅ KOLBEINSTVEIT
Ryfylkemuseet kan feira eit 75-års jubileum i år. Dette vert markert med eit kveldssete på Kolbeinstveit onsdag 21. september. Sjølve Ryfylkemuseet er rett nok berre 30 år, men forgjengaren, Rogaland folkemuseum, vart skipa i Stavanger i 1936, for 75 år sidan.
På kveldssetet på Kolbeinstveit får du høyra meir om museumshistoria til Rogaland folkemuseum og Ryfylkemuseet og om det særprega Guggedalsloftet, den eldste trebygningen i Rogaland. Det vert også felespel ved Tove Solheim og servering av smørgraut og kaffi. Vel møtt til ei triveleg kveldsstund på Kolbeinstveit.
Vel møtt til Kolbeinstveit førstkomande onsdag 21. september kl 19.


Vêrgudane sytte for nok vatn til stampa på søndag, og passe opplett i regnbøyene til at publikum lot seg lokka til å oppleva denne ”skjulte skatten” på Kvæstad.
Museet er medlem av Landslaget for Privatarkiv (LLP). LLP lyste i sommar ut eit stipendordning, og ved museet heiv vi oss rundt og søkte. Og vi fekk pengar. Ikkje dei store summane, men eit beskjedent beløp på vel 12 000 kroner. Pengane skal gå til kompetanseheving for Bernd Elmies, arkivar ved museet. Konkret skal pengane brukast til deltaking på eit kurs i privatarkivarbeid i september og til hospitering på Statsarkivet i fem arbeidsdagar for opplæring i praktisk arbeid med ordning av arkiv.
Ryfylkemuseet hadde nytt besøk frå Stortinget måndag 5. september. No var det stortingspolitikarane Geir Pollestad og Torfinn Oppheim, og ærendet deira var slepp av ein gledeleg budsjettlekkasje frå Kulturdepartementet: