Flott vinterferievêr på Ryfylkemuseet
Skal ein tru vêrvarslarane er ikkje prognosane for vinterferien særleg gode. Men fortvil ikkje – dårleg skivêr er ypparleg museumsvêr, og på Nesasjøhuset har me ope kl. 9.00 til 15.00 på alle kvardagar.
Ungane kan boltra seg i Kvitebjørnen, barneutstillinga der ein kan bli med på ei eventyrleg ferd i kvitebjørnens rike, kle seg ut som riddar eller prinsesse og gå på fest i sjølvaste kongsgarden.


Me er alt eit godt stykke ut i februar, kveldane er lysare og vinterferien nærmar seg for mange.
Etter at det blei klart at Hjelmeland kommune ville følgje opp løyvingane til restaurering av Viga-tunet, har vi engasjert Ingebrikt Edland som ny prosjekthandverkar.