Utskrift

Håland

Skrive av Ryfylkemuseet.

Piknikk på HålandPiknikk på HålandHåland er ein gammal storgard som ligg ein liten avstikkar frå riksveg 13 i Erfjord. Følg skilt mot Østerhus. Anlegget er restaurert, og består av stovehuset, Målarstova og Håmannsbua.

Historia om Håland som museumsgard starta i 1960. Da fekk Rogaland Folkemuseum Målastova og Røykstova med Håmanns-bua som gåve frå Hadle Haaland. Føresetnaden var at museet, i samarbeid med ei museumsnemnd nedsett av Erfjord bygdeungdomslag, skulle setta bygningane i stand og bruke dei som bygdemuseum.

Målastova var kjent som eit viktig kulturminne alt lenge før denne tida. Dekorasjonsmålinga i stova er truleg frå 1640-talet. Dette var altså meir enn 100 år før det blei vanleg å dekorere gjestebuene på gardane i Ryfylke med rosemåling. Målastova er derfor sjeldan og ho har stor aldersverdi. Ho er og eit minne frå ei tid da den direkte handelen med utlandet førte kapital, idear og menneske til Ryfylke frå landa kring Nordsjøen.

Inne i husetInne i huset.Målastova var ikkje i god stand da museet overtok ho. Ho hadde vore brukt som vedbod ei tid, og det meste av målinga på veggane var slite av. Men taket var godt bevart, og etter ei restaurering kring 1980, reknar vi med at dette er sikra.

Håmannsbua har truleg vore brukt til oppbevaring av tekstilar, som gjestebu og til møte når det blei halde ting på Håland. I tida før museet overtok bygningane hadde røykstova vore brukt til eldhus, mjølkebu, jordkjellar og verkstad.

Hovudbygningen på Håland blei overtatt av museet i 1996. Denne har vi prøvd å gjenskape slik han såg ut etter påbygginga i 1890. Langt på veg trur vi at vi har lukkast med å finne fram til den målinga, og dei tapetane som var i bruk da.

Møblane og inventaret er delvis frå Barkeland og frå samlingane til Erfjord. Ein sjeldan gjenstand i samlingane frå Håland er Kong Christian den IIIs bibel frå 1550. Det er spesielt at eit eksemplar av denne første danske bibelomsettinga kom til Håland, og at vi har lukkast med å ta vare på ho. I dag kjenner vi til berre 36 eksemplar av denne bibelen i Noreg.

Sjå opningstider

© Ryfylkemuseet 2012. Ryfylkemuseet - 4230 Sand - 52 79 29 50  Nettstaden er levert av Norsk Plan as